Posted by: maritarunde | April 29, 2011

Fork-a-yard

Jaja, eg har gjort det igjen. Bøllefrøet som eg er…

Ein kveld i forrige veke kjeda eg meg litt, så da for eg på ein butikk og kjøpte eit par plastik gaffla, så godsnakka eg litt med to av dei eg bur med sånn at eg fekk overtalt dei til å bli med meg på vift, ganske lurt faktisk, for da blir det litt fleire å fordele skylda på og ikkje bare meg, så stakk eg til ein kamerat å stakk dei alle sammen ned i plenen framfor huset deira…gløymte eg å sei at det var 1000 plastikk gaffla eg kjøpte, og at alle blei brukt? Når guten kom heim igjen, lo han så masse at han ikkje klarte å stå på beina.

Posted by: maritarunde | March 13, 2011

Rampejenta

“Eg får alltid skylda”…Heilt siden eg var lita har eg alltid fått skylda, det er vel egentlig ikkje så veldig rart siden det alltid var eg som forårsaka dei fleste “tinga” som skjedde rundt om kring når eg tilfeldigvis var i nærheten.
Og no har det skjedd igjen. Eg e inne i ein sesong der eg alltid får skylda. Og det er vel heller ikkje så veldig rart siden det som oftast er meg som forårsaka det no også.
Klara liksom ikkje heilt å slutte…eg er som ein pyroman, bare det at eg ikkje sette fyr på ting, eg berre bølla litt med folk.
Det som er så kjekt med å møte nye folk er at ingen veit om bølle-fortida di, sånn at du kan ta alle “prankane” om igjen, eller berre rett og slett ta det til eit nytt nivå…som kanskje er litt mi greie. Aj-aj-aj.

Det begynte heilt uskyldigt i år med å feste klesklype på nåken venna sine plagg. Så gjekk det over til å knytte alle skoa sammen.
Victor og Marita: Eg kasta mel på han. Han klinte pizzasaus i ansiktet mitt. Nåken daga etterpå fekk han ein lapp med “please poke me” på ryggen, etterfulgt av at 300 av vennane mine skreiv masse random greier på facebook sida hans – masse notifications… Hevnen: ennå ikkje komt.
Gutta og meg: kopierte nøkkelen deira – monterte ein høgfrekvent pipelyd på kjøkkenet deira. Peip på heilt random tide, umulig å finne. Plasserte 1000 glass med vatn rundt om kring i leiligheita deira, for ein jobb!! Penn som gjer ei lita dose med strøm når du skur den på, og det samme med ei stifte maskin. No skal det nevnast at eg ikkje sto i spissen for nåken av dei nevnte…
Jentene: ingenting
Jentene og meg: Eg har på ein måte spelt litt på lag i begge leirane og kjenne at det har vore bra, men eg frykta slagkrafta på hevnen. Men no har eg tatt eit standpunkt å være med på jentene sitt lag. Vi snurra inn eine fyren sin bil med 20 dorulla. Så planta vi tørrfisk på mange plassa i leiligheita deira. Du kan tru det lukta. Eg veit faktisk ikkje ka som lukta værst, fisken eller samvittigheita mi, for det var litt drøyt. Hevna: ikkje komt endå. Eg frykta det værste.

No er det våpenkvile i 11 daga…eg stikke på misjonstur. Lite veit teamet mitt om kva idea eg har fått i løpet av ditta året her, akkurat som å få heilt blanke ark.. mohahaha MOHAHAHA

Eg er avhenging av bølling….og eg er offisielt blitt paranoid!!!!!!!!!

Posted by: maritarunde | March 9, 2011

Just the way I am :)

Posted by: maritarunde | March 9, 2011

Lake Tahoe

To år er gått siden eg sist fekk spent på meg brettet mitt og cruza nedover ein bakka full av snø. “Perfekt” var ordet for dagen, både med vær, vind, snøforhold og selskap! Perfekt. Nevnte eg at det var ca 20 forskjellige heise der?!?!?
Dagen der på: ojojoj, en heilt ny dimensjon av såre muskla!

Posted by: maritarunde | March 9, 2011

OutReach

2 vaksine. 1 pillekur, og pågåande medisinering med knæsj rosa malaria tabletta. Jess, eg skal på tur til mellom Amerika, til Nicaragua og Honduras for å tjene folket som bur på dei store søppel fyllingane der, og i tillegg skal vi til ein liten landsby der nokre spedalske bur.
For ein fantastisk tur det skal bli på alle måta. Eg gleda meg til å sjå menneske som får vitne og ta i mot Guds kjærleik, og blir total forandra. Forventningane er langt over topp-nivå om det går ann å måle dei på ein skala i det heile tatt, og eg veit at dei kjem til å bli innfridd. Gud kjem ikkje til å skuffe. Hahaha. Gud e i godt humør 🙂
Bli gjerne med å be for meg når eg e på tur frå 13.mars til 24.mars.

Takk takk

Posted by: maritarunde | March 3, 2011

Sosial tannpuss

Eg får flash back til kvelden eg arrangerte i Ålesund for eit år sida: Tannpusse-party. E det nåke som e meir sosialt enn å avslutte kvelden sammen med å presse alle inn på badet og fylle munnen med kvitt skum? Å pusse tenna sammen er undervurdert og er nåke som skapa jubel og glede før draumane tek over…

Posted by: maritarunde | March 3, 2011

Noregs besøk

Mamma e dårlig i engelsk. Pappa er enda dårligare i engelsk, og Mirjam, ja ho er ganske flink egentlig. Men det er ikkje det som er poenget, poenget er at dei tok seg turen over havet for å besøke meg. Utrulig koselig, og utrulig artig å høyre alle rare ting dei hadde sagt på reisa, hehe.
Før dei stakk frå Norge lurte dei på kva dei skulle ta med seg utav klede, lette sommar kle var svaret eg gav medan sola skein ut på platten… berre dumt dei høyrte på meg. For når dei kom hit var det så utrulig kaldt, og surt. Shopping: varmare klede.
8 daga fekk vi sammen, prega av masse shopping og Doodge kjøyring, åh, for ein bil altså!!

Eg kan ikkje fordra å seie hade til folk, så eg kjente allerede på veg ut huset at det kom til å bli vanskelig å reise frå dei på flyplassen. Så etter å ha følgt dei inn, klemte eg alle i full fart og små sprang ut av terminalen. På veg heim igjen åpna skyene seg og det regna som aldri før. Hærligland, det var som tatt ut av ein film, der sitte eg å grine inni bilen og det stri regna ute. Haha måtte le av det også. Kom heim og fekk lagt meg, og fant ut at det var rart å ikkje være 4 på rommet meir…

Posted by: maritarunde | February 14, 2011

Valentines

Våkna tidlig og satte med på kjøkkenet for å gjere lekser. Carmel, ei av dei eg bur med joina meg. Plutselig begynne hunden å bjeffe, det gjer den alltid når vi får besøk. Men vi kunne ikkje sjå nåken utenfor og kommanderte hunden Kjærsti til å være stille. “Hunden er paranoid, det har klikka for ho. Det er sikkert bare ein engel ho ser…” Men så, så plutselig ser vi ein ballong blåse bort til vinduet. Carmel springe til døra og åpna, der seg er ei venninne av meg som får lettare panikk når ho ser meg, så forsvinne ho bare uten å seie “hei”. Jaja, tenkte eg, ho var sikkert ikkje så gira på å prate med meg.
Carmel kjeme inn med ein hjerteforma rød gassballong, ei rose, og ein boks med sjokolade i ein hjerteboks. Den heldige mottakaren; meg!! Hærligland! Eg, eg Marita Runde har fått valentines gave!
Eg las kortet: “I had a word from God that we were supposed to get married!!! I’ve prayed over this and I really feel Gods peace. Looking forward to spending ETERNITY with you 😀 Jippi, praise the LORD!!! (ps: If in doubt, remember its Gods will…) – ingen navn-

Eg fant snart ut kven det var, ein kamerat av meg. Utrulig artig. Og om dokke skulle være i tvil, så var det heile ein spøk 🙂
Stakk ned til Linn og Ingvild og åt ein hærlig lunsj sammen med dei, sammenfletta av hærlege samtala om framtidige ektemenn og deklarasjona for resten av året! For nåken venna eg har! Nydeligt.

Posted by: maritarunde | February 14, 2011

Vår / Spring

For en deilig tid på året, våren er i full fremmarsj og trærne rundt er fulle av vakre blomstrer som jeg frem til nå bare har sett i romantiske filmer og fantastiske disney filmer – for et eventyr! Naturen blomstrer, og jeg blomstrer. I går låg jeg ute i solen og fikk den første solbrentheten for i år! Hærligland, solen er sterk! Det er noe med den første solen, klarer liksom ikke helt å styre meg, men nå, nå har jeg lært – for i år. Solkremen må på! Neste uke er det meldt litt regn, men nå nordmennene kommer over til konferansen er det meldt fint vær igjen, flott, flott! Det blir så godt å få de over her igjen, få “fri tilgang” på de i samme by, hærlige greier! For ikke å nevne hvor gøy det blir å få besøk av foreldrene mine og lille søsteren min! Åh, glede!
I dag er det valentines dag, noe som er utrulig stort her borte! Jeg evakuerer området med å gå på date med mine to favoritter, Ingvild og Linn – aka Ingi og Limpan, det blir en vakker dag!

What a lovely time of the year, the spring is coming forth and the trees are covered in the most beautiful flowers, the kind of flowers you only see in romantic movies and Disney movies – what a fairytale. The nature is blossoming, and so am I. Yesterday, I spent the whole day out in the sun reading “Heavy Rain”, the title makes such a big contrast, but the contrasts is good, well, since its sun outside, and I know that its going to be rain next week, I couldnt control my self – it all resulted in a sunburn. I never learn, its always like this in the beginning of the tanning season, from now on I’m not forgetting to put on sunscreen. The week after next week, a lot of Norwegians are coming over for the conference, and then its sunshine again, sweet! I’m so looking forward to get the Norwegians over, not to mention how excited I am to have my parents and my little sister over for 9 days! Its going to be a blast!
Today its Valentines day, its a pretty big deal here in the US. Im going on a date with two of my favorites, Ingvild and Linn, two sweet girls from Norway, which I become good friends with – they are amazing!!

Posted by: maritarunde | February 11, 2011

Back in Cali

Nydelig t-skjorte vær, sola varma og vinden er langt vekke. Ein fantastisk dag. I dag hadde vi activation, og gruppa mi på 15 stk reiste til det nabolaget som vi henge i på kvar torsdag. I dag hadde vi kjøpt inn masse grillmat og snacks for å lage til alle kule skate folka som henge der. Siden sola skinte var det masse folk, og vi kom i snakk med mange spennande menneske. Eg kom i snakk med ein gjeng med kule skate gutta som lærte meg å trikse litt, wow det e så mykje vanskeligare enn ka det ser ut til, så hadde vi ein veldig god prat og slafsa i oss god mat. Faktisk så har eg kasta så masse på ein sånn soccer ball i dag at eg e blitt heilt amøbe i handa, men det er bare bra. Fekk skryt av dei som var drevne på det, og dei lurte på om eg var søstra til …..(eit eller anna navn)…. som vist nok er eit multitalent i soccer. Cred til meg og til arma mi!! “Eg har ei god arm”
I måra er ein ny dag, ja det seie vel seg egentlig sjølv, så no skal eg legge meg, klokka er berre 22 her, men eg vil ha mest mulig nytte av morgen sola før skulen i måra 🙂
Du, kos deg masse, og spre glede til menneske som du møta på! Yessss

Older Posts »

Categories